Artistar poesikveld 29. mai

Artistar poesikveld UL Sambygdingen

Linda Fosse

Mangein av dykk veit kven Linda er, men me tek likevel med litt informasjon om henne. Linda Fosse er den første artisten i Noreg som tok imot Ivar Medaas-Prisen (2000)

Ho er ein allsidig artist med ein lidenskap for
å inspirera andre til å våga å følgja si draum.

Dette gjer ho gjennom sitt virke som artist og coach.

Ho er kjend for showet ’Kortid, visst ikkje no?’ som nettopp gjer dette.

Ho er sagt å vera Noregs fremste tolkar av dikta til Aslaug Låstad Lygre.
Ho har reist land og strand rundt med framsyninga ’Vi skal ikkje sova bort sumarnatta’
om lyrikaren Aslaug Låstad Lygre si liv og dikting.
Og dessutan ’Dar kjem Dampen’ – ei musikalsk reisa i den Vestnorske kystkultur.

Ho drog også igong den første fullversjonen av musikalen «Which Witch»
på Håkonshaugen på Seim i 2007, der ho hadde ei av hovudrollane, saman med Rein Alexander, Åger Sten Nilsen,
Elisabeth Moberg, Bjørn Jensen m.fl.

Ho har sunge for både kongen og dronninga.

Arrangementet er ein del av Alversund-dagane.

Hjarteleg velkommen.

Kurt Hatten

Kurt Hatten

Kurt Hatten har budd heile livet i Kvamsvåg. Var mykje aktiv med i ungdomslaget og som klubbarbeidar i ungdomsklubben i Kvamsvåg. Det var i ungdomsklubben han lærte spela gitar, og etterkvart kom saman med andre og opptrådte med song og musikk.

Det heile starta saman med Per Atle Aarseth for vel 40 år sidan, – seinare også med Grethe Gangsøy, Linda Fosse, og Kåre Håland.

Opptrer med songar av Jim Reeves, Johannes Kleppevik, Josef G. Larssen, Alv Prøysen, Stein Ove Berg, Ivar Medaas, Vamp m.fl.

Kurt skriv litt songar sjølv og hans eigen song «Minner» vart for ein del år tilbake kåra til «ukens lyttarlåt» på NRK P1.

Kurt reiser i dag mykje rundt og syng på forskjellige arrangement og feiringar, – då mest for det godt vaksne publikum.

Har også faste turneruter med oppdrag på sjukeheimar og har pr. i dag vore på 76 ulike sjukeheimar i Norge og hatt konsertar. Her får ein verkeleg erfara kor mykje musikk betyr for tilhøyrarane.

Hjarteleg velkommen.

Ingelin Skei

Ingelin Skei

Oppvaksen i ein heim fylt av musikk på Veland i Alver kommune, oppdaga Ingelin tidleg sin lidenskap for song.

Hennar kjærleik til musikken fekk næring av foreldras jazzinteresse og deira platesamling, noko som snart gjorde jazz til hennar foretrukne sjanger på scena.

Gjennom åra har ho bevart songgleda si og engasjementet i ei rekkje prosjekter, både som solist med kor og i ulike jazzband. I dag står ho i spissen som vokalist og bandleiar for sekstetten Soria på Bergens jazzscener, der ho har fått strålande tilbakemeldingar frå publikum.

Ingelin sin ambisjon er å formidla tolkingar som treff lyttaren.

Heilt frå 14-års alderen har ho skrive ymse tekstar, med og utan melodi – og midt i stor skaparglede har det og vorte eit dikt eller to.

Ho hentar inspirasjon frå levd liv og finn mykje kreativitet ved å ferdas ute i naturen.

På poesikvelden tek ho med seg mentor og ven Stein Bakke på piano, og vil mellom anna tolka visemateriell av Knut Hamsun, Barbro Hörberg og morfar Jan Gerhard Holsen frå Veland på Stranda (Den siste gjenlevande Strandamålaren)

Ho tek med seg dikt frå nokre av sine favorittar, og vil lesa ein av sine eigne tekstar.

Hjarteleg velkommen

Hilde Fjellsende

Hilde Fjellsende

Hilde Fjellsende er ei glad og engasjert dama på 36 år, som har skrive dikt sidan ho var 10 år.

Ho har alltid likt å skriva, og dikta «dett» ofte ned i hovudet på ho, inspirert som ho vert av det som skjer rundt seg, og dei menneska ho møter, både på jobb og privat.

Ho er utdanna sjukepleiar og agronom, og glad i både folk og dyr☺️

Hilde er oppvaksen på Hole gard på Radøy, i Sæbø krins, men har vore utflytta dei siste 20 åra. Bur for tida i Kjøkkelvik og er avdelingsleiar i bufellesskap for mennesker med utviklingshemming.

Hilde er glad i å engasjera seg, er ekstra glad i korps og musikk, og spelar fleire ulike messinginstrument. Ho fortel at ho ELSKAR marsjar + er over gjennomsnittet spesielt glad i 17.mai!

Er også glad i å sjå nye stader og smaka nye smakar, og er den typisk utadvente typen når det kjem til sosiale lag!

Hilde kan fort bobla over av engasjement når ho først byrjar, og me gler oss til å verta kjend med dette engasjementet på poesikvelden!

Hjarteleg velkommen

Ingvild Prestnes Stusdal

Ingvild Prestnes Stusdal

Ingvild er frå Knarvik, bur på Holsnøy. Har skrive dikt i 15 år, og inspirasjonskjelda er opplevingar, tankar og kvardagslege ting. Dikta kjem ofte når ho er opptatt med andre ting, som å kjøre bil, sit på do, eller søv.

Første publikasjon no i fjor, saman med 90 andre diktarar. Svært nøgd av å vera ei av dei 90.

Ho skriv på nynorsk, og for Ingvild er ikkje nynorsk berre eit skriftmål, det er nærast ein del av ho sjølv. Denne kjærleiken til skriftspråket gjev også dikta hennar særpreg.

Fleire som har lest dikta hennar før, dreg også parallellar til Vossapoeten Jon Hjørnevik og hans poetiske verk.

Me gler oss til å høyre Ingvild på poesikvelden!

Hjarteleg velkommen

Cecilie Erichsen Lærkerød

Cecilie Lærkerød Stusdal

Cecilie Erichsen Lærkerød, 46 år, har budd på Tveiten i Alversund dei siste 20 åra. Gift med Tom Erik og har tre barn; Tobias, Julian og Maria.

Cecilie har vakse opp i Salhus, men har røter i Nordhordland. Farmora hennar, Ragna Sofie Litleskare,  er frå ein gard på Litleskare.

Cecilie er kalla opp etter oldemora (mor til Ragna Sofie) som heitte Cecilie og var gift med Oskar.

Cecilie jobbar til dagleg som familieterapeut i Bergen.  Ho liker å skriva dikt og tekstar, og har ein draum om ein gong gi ut ei diktbok.

Hjarteleg velkommen

Mailin Bergås Hatten

Mailin Bergås Hatten

Mailin byrja å skrive dikt rundt 25-års alderen, og har dermed skrive  halve livet. Ho vert inspirert av kvardagslivet: Opplevingar, menneske, livshistoriar, tankar og kjensler.

Mailin vaks opp i ein musikalsk heim, og songen har fulgt ho heile livet. For tida syng ho i countrybandet Grasslands, og jobbar for tida med tekstar som ho håpar bandet kan framføre om tid og stunder.

Mailin but på Sellevoll med mann,  barn, høns, kaninar og katt. Ho jobbar som SFO-leiar og pedagogisk medarbeider på Seim skule.

Hjarteleg velkommen