Medlemskap UL Sambygdingen
UL Sambygdingen vart grunnlagt i november 1900 av Johan Litleskare. Me held til Kvamsvåg, i Alversund
Vi har som mål å bidra til eit levande lokalmiljø gjennom ulike aktivitetar for ungdom i alle aldrar. Etter ein lang periode med pandemi, og liten eller ingen aktivitet er me no i full gang igjen.
På nettsida vår kan du følgja med på planlagde aktivitetar. Planane for våren er klar. Me har ikkje klart programmet for hausten enda, men det kjem snart.
Me har også planar om å etablera eit ungdomsstyre. Viss du er under 25 år og kunne tenkja deg å vera med å leggja til rette for eit betre tilbod til ungdommen i bygda så er du hjarteleg velkommen. Kanskje du kan bli ein del av ungdomsstyret? Uansett så er du hjarteleg velkommen som medlem i ungdomslaget.